Strikkekafe på Hovland
26/2/2015 20:17
Tysnes Frivilligsentral starta dette arrangementet fordi dei ynskte å gjere noko for å bli kjende med dei nye bebuarane på Hovland.
Det er viktig å gjera noko saman, og på Hovland er det lokale som kan nyttast til slike sosiale treff seier Sissel Karin Clausen til Tysnesingen.no.
Det var flest kvinner som var deltakarar denne kvelden saman med to menn, fire damer og ein baby som alle er bebuarar på Hovland.
Det vart servert kaffi/te og kringle + at bebuarane på Hovland stillte med rykande varm Kveitekake, ein tradisjonell bakst frå Eritrea.
På inngongsbiletten var det også loddtrekning.
I det heile var det eit vellukka arrangement som ein vil fortsetta med ein gong i månaden.
Neste gong vert 23. mars kl 19.
Tysnes Frivilligsentral ynskjer alle er hjerteleg velkomne til å vera med!