Bibliotekkortet gjeld overalt

Publisert av:
2/2/2015 12:00

Det som er så bra med biblioteket er at bibliotekkortet gjeld overalt – og du kan låna ein stad og levera inn ein annan stad.

Om du er over 15 år får du skrive ut eit nasjonalt lånekort når du registrerer deg som lånar. Med dette kortet kan du låna bøker og anna materiale på bortimot alle bibliotek i landet.

Og det er heilt greitt om du lånar ein stad og leverar inn ein annan stad – returen ordnar me!

Er du under 15 år, får du eit lokalt lånekort som du kan bruka på Tysnes folkebibliotek.

Stikk innom og få eit lånekort!

 

Dette er del av ein kampanje frå Tysnes folkebibliotek.

Meir info på www.sunnbib.no