Tøff motstand
31/1/2015 19:34
Først ut var Jenter 10, rosa. Dei møtte Årstad 2. Motstandarane opna knallsterkt, og Tysnes jentene kom ikkje heilt inn i kampen i første omgang. Til pause leia Årstad 4 – 1. I 2. omgang gjekk det betre for Tysnes, men Årstad 2 vann til slutt 6 – 1.
Neste kamp var mellom Tysnes J13 som møtte Kringlebotn. Til pause leia Kringlebotn 11 – 4. Tysnes J13 hadde kortare periodar der dei spela jamt mot Kringlebotn, men noko spenning resultatmessig vart det ikkje. Kringlebotn vann til slutt kampen 22 – 8.
Kvart over eitt byrja kampen mellom Tysnes jenter 10, Gul. Dei møtte også Årstad 2. Dette vart ein skikkeleg spennande kamp for publikum å sjå på. Laga fylgde kvarandre tett heile vegen. Til pause leia Årstad 2 med eitt mål, 6 – 5. Tysnes Gul kjempa på i heile kampen og klarte akkurat å berga uavgjort 10 -10 til full tid. Flott innsats, og dagens høgdepunkt i hallen!
Siste kamp var mellom Tysnes jenter 15 og Kringlebotn. Tysnes J15 var litt bakpå dei 5 fyrste minutta. Dette utnytta Kringlebotn, og fekk raskt ei solid leiing. Tysnes kom betre med i kampen etter kvart, men klarte aldri å hente inn forspranget som Kringlebotn fekk i starten. Kampen enda 22 – 16 til Kringlebotn.







