Nyhende frå vassverket i Tysnesbygda.

Publisert av:
31/1/2015 19:26

Grunna pressa kapasitet hos entreprenør vart den varsla reparasjonen på fredag i siste liten utsett til laurdagen. Lekkasjen var ferdig reparert og vatnet attende til alle ca. kl. 14:30 laurdag ettermiddag. Me beklagar at ein ikkje fekk lagt ut melding om denne endringa. Tysnes Vassverk vil no etablera mobil sms teneste for å betra evna til å varsla om endringar ved leveranse av vatn.

Til Helge Olav og alle andre som har sett seg lei på dårleg vei i Våge etter vasslekkasjen: Dette er ei utbetring som ikkje er gløymt. Asfaltering er bestilt men både vinterver og Nina-storm gjev utfordingar for entreprenør til å etablera harmonien igjen. Me beklager og melder at det inntil vidare vert betre merking og mellombelse fyllingar.

Arne Leite i Tysnes Vassverk SA