Utdanningsmessa på Stord

Publisert av:
28/1/2015 18:55

Elevane fekk først omvisning på bedrifta Kværner, der dei fekk sjå kva dei som jobbar der held på med. Det vart helde ein presentasjon, og elevane vart informert om ulike yrke innanfor oljebransjen.

I løpet av turen er det fleire av tiandeklassingane som har funne ut kva som kanskje kan være aktuelt for dei i framtida, og kva som ikkje passar dei. Blant anna syntes eleven Jakob Lande at Kværner sitt område var veldig stort, og han seier at han ikkje kunne tenke seg jobb der i framtida. Han legg til at dei hadde veldig gode baguettar der, som han var svært nøgd med.

Etter besøket på Kværner gjekk turen vidare til utdanningsmessa på Vikahaugane. Fleire skular og bedrifter hadde stilt opp stands ein kunne besøke og det var ein god del folk i dei forskjellege bransjane ein kunne snakke med. Tiandeklassingane fekk gå rundt på messa og stille spørsmål til dei utstillarande dei fant interessante.

Turen var i samanheng med eit utdanningsprosjekt dei held på med på skulen denne veka, der dei skal skrive om eit yrke dei kan tenkje seg i framtida.​

Tekst: Vilde Stenslan Vinje.