Vil ha vekk gamle ferjer

Publisert av:
6/1/2015 07:57

Ordførarane i Hordaland står samla i kravet om å få betre stabilitet på ferjetrafikken i fylket. – Det trengs nyare og meir pålitelege ferger og fleire ekstraferjer.

Saman med Ordføraren i Austevoll, Renate Møgster Klepsvik, skal Ordførar Kjetil Hestad til Oslo for å møta samferdselsministernen. -Ferja er veien vår og når den ikkje går, er veien stengt seier Kjetil Hestad til NRK Hordaland.

Ordførarane får støtte frå leiinga i Norled som ynskjer å bidra til at situasjonen skal bli betre.  Direktør Ivan Fossan påpeikar at ein i dei nye kontraktane må ha fokus på krav til ferjene dersom dette er eit ynskje, og ikkje berre pris.

Heile saka kan du lese på NRK Hordaland