Moms-kompensasjon til idrettslaga

Publisert av:
23/12/2014 08:27

Ordninga med momskompensasjon for idrettslag og særforbund er ei forholdsvis ny ordning som ikkje eksisterte for berre 5 år sidan.

For å få momskompensasjonen må laga rapportera sine brutto driftskosnadar. Utbetalinga frå Norges Idrettsforbund vert gjennomført i løpet av årets siste veker.

På Tysnes er det fylgjande lag som får utbetalt kompensasjon:

Njardar/Tysnes: 34 533,-
Tysnes IL: 34 224,-
Reksteren IL:  9 770,-
Siglarlaget Njord/Tysnes:  3 338,-