Opning på laurdag

Publisert av:
12/12/2014 10:22

Dei siste dagane har det kome ein heil del snø på Kvamskogen, berre dei to siste dagane kan Eikedalen skisenter melde at det har kome 30 cm nysnø. 

– Vi har no cirka 70 cm med snø nede og over 1 meter oppe i fjellet. Det er difor gledeleg å kunne meddela at vi opnar for sesongen laurdag 13. desember, seier dagleg leiar Fredrik Tønjum til Midtsiden.no

– Laurdag opnar vi Setertrekket, Tallerkentrekket, Veraheisen og Tobiasheisen. Dei store snømengdene vi har fått gjer at vi også opnar Tvillingtrekkene i helga.

Fram mot jul er det kun ope i helgene, medan i romjula er Eikedalen open kvar dag.

Dei vurderer fortløpande om dei også skal ha ope nokre kveldar.
Du får med deg siste nytt om opningstider ved å følge med på facebooksida deira.

Furedalen
I Furedalen Alpin håpar dei på oppstart neste helg i bakken. Oppkøyring av langrennsløyper er dei alt i gang med.

Dei har 50 cm snø i terrenget og 70 på toppen.