Sviktande gjelds- rådgjeving
8/12/2014 13:46
Inbyggjarar som treng råd, veiledning og hjelp med privatøkonomien skal kunne få tilbod om hjelp frå kommunen.
Forbrukarrådet presiserer at i dei kommunane der mange av innbyggjarane har gjeldsproblem, bør det være eit godt tilbod om gjeldsrådgjeving. For å avgrense gjeldsproblem, jobbar Forbrukarrådet innan fleire område. Dei krev skjerpa kredittvurdering, rentetak, m.m og etterlyser eit nasjonalt gjeldsregister bankane skal nytta ved vurdering av lånesøknadar.
På kommunetesten i 2013 fekk Tysnes kommune totalscore 59 av 100 på sosiale tenester. Økonomiske ytingar var ikkje målt, rådgjeving fekk 39 og barnevern 80.
Tysnes er, i følge VG, blant dei fem kommunane som har høgast inkassogjeld per innbyggar med betalingsanmerkingar. Ingen av desse fem kommunane fekk godkjent då Forbrukarrådet testa gjeldsrådgjevinga i 2013.
1. Fet, 55% i 2013 og 44% i 2008
2. Ringsaker, 63% i 2013 og 60% i 2008
3. Tysnes 39% i 2013 og 28% i 2008
4. Etnedal, 31% i 2013 og 21% i 2008
Forbrukarrådet sjekka informasjon på nettsider i tillegg til at gjeldsrådgjevinga vart testa over telefon. For å få godkjent, måtte ein i 2008 få 67 prosent score, mens Forbrukerrådet i 2013 krevde 75 prosent score for å gje sitt godkjentstempel.
Les heile artikkelen på Forbrukarrådet.no
I følge VG.no har Tysnes kommune har 75 innbyggarar med betalingsanmerkingar. Dei svartelista har ei samla inkassogjeld på kr 45 760 861.