Publisert av:
28/11/2014 19:22
Julegateopning i Våge
På måndag er det 1. desember, og fleire bygder markerer dette i helga med hyggjeleg samkome og tenning av julelys. I Våge lokka dei tradisjonen tru med at borna fekk gi kvart sitt ynskje til julenissen. Mykje folk hadde møtt opp og kunne ta i mot nissen som også i år kom med hest og kjerre.
Alle ungane fekk kvar sin godtepose av nissen. Casper Christensen var kveldens heldigaste, og vann hovudpremien i trekkinga. Han hadde ønskt seg lego og fekk ein flott start på helga!
Foto: Johnny Helgesen