Tysnes Damer K07 – Kvinnherad (35-22)
16/11/2014 07:37
Kampen starta med innmarsj og presentasjon assistert av jenter 10år.
Damelaget fekk tidleg leiing med fine mål og godt målvaktarbeid.
Etter kvart fekk Kvinnherad inn nokre mål, men det helt ikkje mot godt forsvar og angrep frå Tysnes.
Før pausen fekk Tysnes inn fleire kontringar og leia trykt 19-9.
Halvegs i andre omgang var stillinga 30-15. Kvinnheringane kjempa godt ut kampen, men trua ikkje sigar til Tysnes.
Det ser ut til at Tysnes kunne spelt ein til to divisjonar høgare alt no.
Med fleire unge på laget ser framtida lys ut.
Kampen enda 32-22.

Alle som likar å sjå god og spanande sport bør ta turen til Tysneshallen når det er kampdag.
Tysnes idrettslag har kiosk med varmmat og kaker, og publikum får informasjon frå drevne kommentatorar. Sanneleg godt at me har Tysneshallen!
Til glede for aktive og passive :-)
Tekst og foto: Tysnes IL