Publisert av:
19/10/2014 10:40
Vegutbetring gjennom Uggdal
Når ein snakkar om vegutviding/gangveg i Uggdal om dagen…
…så kan det kanskje vera artig å sjå tilbake ca 45 år, då det og pågjekk arbeid med vegutbetring gjennom Uggdal. Dette er jo stort sett der det foregår i dag.
Asbjørn Myklestad som har sendt oss bileta, fortel at han har henta dei frå eit gammalt arkiv frå far sin.
Sprenging i samband med senking av terskelen til fossen.
Det forholdsvis omfattande arbeidet med senking av Kyrkjevatnet rundt 1970, pågjekk vel om lag på same tida som vegutbetringa gjennom Uggdal.