Publisert av:
8/10/2014 06:11
Stor klump i appelsinjuicen
Anna og Otto Rosvold kjøpte kartongen med juice med holdbarhetsdato 30/11 for tre veker sidan, og oppbevarte den i kjøleskapet.
Otto merka fort at juicen ikkje smakte heilt godt, og vart etter nokre dagar sjuk i magen. Då Anna slo ut juicen oppdaga ho den store klumpen i juicen. Klumpen var gråaktig og rundt ein knyttneve stor. Dei kontakta lege som ba dei frysa ned klumpen i tilfelle meir sjukdom. Heldigvis ga plagene til Otto seg når han slutta å drikke juicen.
Produsenten av juicen seier at dette truleg skuldast mugg, og at det er svært sjeldant noko slikt skjer.
Les heile artikkelen på ba.no.