Njardar/Tysnes Idrettslag fyller 40 år

Publisert av:
9/9/2014 18:53

Tidlegare var fotballen organisert i Lundegrend Idrettslag, men i 1974 fann ein det naturleg å skipa eit eige idrettslag for fotballen.

Eit jubileum må markerast, og laurdag 25. oktober er sett av til jubileumsmarkering.

På dagtid prøver klubben å få til veterankampar der målet er å få kamp syttital mot åttital, nittital mot totusen for menn. Likeeins prøver me også å få til ein veterankamp for damer. Gunnar Hansen har kome godt i gong med organiseringa av desse kampane, og han har oppretta ei eiga facebook-side der interesserte kan melda seg på. Klubben hadde tilsvarande kamp ved 25års-jubileet noko  som vart ein stor suksess.

Om kvelden vert det jubileumsfest/ årsfest i Vonheim, Våge. Her vert det offisiell markering av jubileet og utdeling av statuettar for 2014. Koldtbord frå Ingebjørg, og Big Man Blues Band/ Anders Bakke lover god dansemusikk.
Aktive, tidlegare aktive og andre som føler tilknytning til Njardar/Tysnes er hjarteleg velkomne.
Me kjem tilbake med lysing og påmeldingsfristar.

 

Styret i Njardar/Tysnes Idrettslag