Publisert av:
29/8/2014 15:55
Kom heim til stolte Tysnesingar
Lovorda kom på rekkje og rad frå ordførar Kjetil Hestad og frå Bjarte Erstad som representerte Tysnes idrettsråd.
Dei hadde også med seg helsingar frå både Hordaland idrettskrins og president i Norges idrettsforbund Børre Rognlien.
Med den enorme utviklinga Anna Dorthea har hatt på kort tid og ikkje minst verdensrekorden på 140 kg. i benkpress førre helg, fortener ho også å verta rosa opp i skyene.
Frå før hadde me Tysnesfest som heile Tysnes var samla om og stolte av, no har me også Anna Dorthea som me verkeleg er stolte av. Ikkje berre er ho stor i Norge, men best i verda i sin klasse!


