G 14: Njardar/Tysnes – Rubbestadnes 4 – 9

Publisert av:
28/8/2014 08:32

I byrjinga hadde Njardar/Tysnes overtak i spel. Samspelet gjekk til tider fint, og samtlege  spelarar kjempa godt. Eit av høgdepunkta var Elias si scoring der han med hælen løfta ballen over målmannen. Ayleen er viktig for laget, og då ho vart skadd midt i omgangen, tok Rubbestadnes over meir av initiativet.

I andre omgang fekk Rubbestadnes utteljing på sjansane sine, medan det vart mykje nesten for Njardar/Tysnes. Også Remy måtte gå ut med skade, og då vart det tøft for dei andre. Sindre scora sitt andre mål for dagen, der han fekk vist at han har god teknikk. Einar laga det siste målet til Njardar/Tysnes.

Desse var med: Knut Jørgen Nesland, Marius Aarbakke, Sjurd Pedersen, Mattis Utne, Kristoffer Rojas,  Ayleen Hagen, Remy Gundersen, Sindre Sjøbø, Einar Stikkholmen og Elias Jordal. 

Helge Hauge