Klare for NM

Publisert av:
6/8/2014 07:32

Spenninga var stor i Lunde i går under testinga av rulleevne på olabilen “Nybegynneren”. Førar av bilen Knut Jørgen Nesland hadde fått med seg Tobias Hagen under testkjøringa, men det er Sjur S. Pedersen som skal være medsjåfør på NM i helga.

Bilen har hatt service, og det er foretatt ein del justeringar. Ut frå resultata, lovar det svært godt for årets NM, seier Kjetil Hestad til Tysnesingen.no. Ein har testa på same strekninga i fleire år, og med 53 sekund som beste  tid, ser ein at bilen er betre enn nokon sinne.

Knut Jørgen Nesland har tidlegare delteke i NM for Olabil saman med Marius Tysnes, i 2012 vann dei, og i 2013 kom dei på 3. plass.

I år er det Sjurd S. Pedersen som er medsjåfør. 

Me ynskjer gutane lukke til!