Publisert av:
25/7/2014 12:25
Marianna Heggland Brungot med rosemåling
I dag er det ikkje så mange som meistrar den tradisjonsrike kunsten. Ei av dei få som framleis målar mønstre med same stil og teknikk som på 1800-talet er Marianna Heggland Brungot. Stilen hennar er formsikker og detaljert, iblanda eigne mønster og teknikkar. Det er framleis høve til å sikra seg noko av rosemålinga hennar om du legg turen innom Galleriet på Breidablikk i helga. Ope 12 – 16. Parkering ved Tysnes kyrkje.