Publisert av:
27/6/2014 15:13
Postkort frå Tysnes
I første omgang er dei å få kjøpt i flytenaustet i Våge. Dersom postkorta vert populære på marknaden, kan det hende at ho lagar fleire, med nye motiv.
Camilla opplyser at ho aldri har tenkt på å laga postkort, før ho blei kontakta og fekk eit kjekt oppdrag som ho tok på strak arm. Ho leita i arkivet sitt og snikra saman eit par kort med bilete som passa til kvarandre.
“Med bildene så ynskte eg å få fram at Tysnes er ei vakker og idyllisk øy. Det eine kortet har natur/tur-tema medan det andre er mest Vågedominert” fortel Camilla Korsnes.
Ho håpar at dette vil være til glede for både fastboende og turister.
Følg gjerne med på facebooksida hennar for å sjå fleire bilete frå Tysnes.