Avslutning på Solstråleøya

Publisert av:
22/6/2014 13:28

I løpet av året har førskuleungane ved Stjernereiso Barnehage vore så heldige å få vere med på Solstråleøya, og dette har vore veldig populært hos ungane.

I går var foreldra invitert ut der til avslutning, og for å få sjå øya som ungane snakkar så mykje om. For oss som ikkje hadde vore der før, vart dette ein fantastisk dag.

Ungane holdt ein flott konsert på scena, med masse fine songar, både på norsk og engelsk. Etterpå var det foreldra sin tur, og det vart veldig populært hos ungane når dei måtte fram på scena for ei “Røris-økt”, med ungane som tilskuare.

Etterpå vart det ei koselig stund i fjæra med grilling, og dei aller tøffaste bada. Turen vart avslutta med at ungane fekk visa oss foreldre rundt på øya, og det er imponerande å høyra kor mykje ungane kan om øya.

Tusen, tusen takk til Gudrun og Torunn som var så grei, og brukte fridagen sin til å lage til denne dagen for oss foreldre. Me satt utruleg pris på det :-)

Tekst og foto: Mari Anne K. Skorpen