Ei solskinnshistorie frå Nordbustad!
26/5/2014 17:32
Catrine fortel at det var under hingsteutstillinga på Nordfjordeid i 2013 , då ho stilte 3års hingsten sin Unar Solvangsprins, at ho og mannen hennar vart kjent med Selmer og sønnen Ivar.
-Vi var forholdsvis ny i miljøet, og Selmer og Ivar var blandt dei få som eigentleg viste interesse og vilje til å snakke med oss der vi styrte med hingsten.
Berre det i seg sjøl tykkjar ho var veldig kjekt og positivt. Og for Selmer skulle jo det føre til en grei sommar, ettersom han fikk solgt ei hoppe og to føll til ho.
Kontakten med Selmer har vore jevn heile dette året og dei avtalte å møtast igjen under hingsteutstillingen som var no i mai på Eid. Og då det var tid for føllsjå i oktober i Rosendal stilte sjølvsagt Selmer og Ivar opp for å sjå korleis følla gjorde det der.
-Og no når det var tid for å visa dei som åringar på Stend i helga, stilte Selmer sjølvsagt opp og det synes eg er so kjekt!
Det gjekk bra med begge hingstane, dei fikk grei tilbakemelding og sløyfe begge to!
No skal dei til Førde på jubileumsutstilling siste helga i juni, og då kjem Selmer sjølvsagt for å sjå mange flotte fjordinger frå heile landet.
-Så etter dei kalde og sure maidagane i Nordfjordeid i 2013 følar eg at eg har funne ein venn og fjordhest-entusiast i Selmer Nordbustad. Han kan eg ringa og prata med om vår felles glede av fjordhesten.
Han har gjort sitt, han Selmer når det gjelder å sette føll på hoppene sine, og bruke forskjellige hingstar opp gjennom, det er iallefall helt sikkert!
Fjordingane til Catrine er også kalla opp etter oppdrettar og oppdrettsplass!
-Kva skulle me gjort utan nokon av desse gode gamle ildsjelene fulle av kunnskap?
Den største åringshingsten, Selmergutt, er sjølvsagt oppkalla etter Selmer Nordbustad.
Det navnet bestemte eg meg for allereie den dagen me henta hoppa og det første hingsteføllet!
Og den rødblakke åringshingsten heiter jo Nordbustad Håkon, så der er jammen etternavnet og.
-Men det navnet satte Selmer sjølv. Så litt av han er med i begge hingstane mine. No er eg oppdretter sjølv, og har fått nok ein hingst på gården, da hoppa eg kjøpte i fjor med føll ved fot, fekk føll igjen 5. mai i år.
Resultat unghestsjå på Stend jordbruksskole:
Selmergutt: 7-7-7-7,5-7
Nordbustad Håkon: 7-8-8-7-7,5. Begge fekk sløyfe, så dette er heilt greie resultat på åringshingstar. Dei vil utvikla og forandra seg mykje dei neste to åra.