I grøfta
1/4/2014 05:40
APRILSPØK!
Traileren som fraktar laks til og frå Sjøtroll Havbruk A/S avd. Rex Star sitt foredlingsanlegg var i dag tidleg uheldig og hamna i grøfta ved Færavåg på vei til Reksteren.
Redningsbilen er venta å koma i løpet av dagen for å få bilen opp att. Vegen er ikkje stengd då det er god passering til småbilar og forholdsvis grei passasje for større bilar.
Elisabeth Sandven i Rex Star melder at lasta no er ansett som tapt. – Utan fungerande kjøleaggregat vert lasta på hengaren diverre fort nedklassifisert. Omlasting er heller ikkje mogleg raskt nok til å berga lasta slik traileren står no.
Sjåføren Arild Nylund oppmodar alle Tysnesingar og hyttefolk til å ta turen ut til krysset ved Færavåg i løpet av dagen der dei vil organisere utdeling av gratis laks. Fisken er fullt etande og prima vare så lenge folk kjem og hentar den i løpet av dagen. Fisken som ikkje er delt ut innan den tid vil verta kassert i morgon når det går an å tøme heile bilen med truck.
Han håpar det kjem mange og hentar seg gratis fisk, slik at det i alle fall kjem noko godt ut av denne leie hendinga.
Transporten var forsikra og det meste av tapet vert dekka.
Sjåføren er glad for at han står slik til at trafikken ikkje vert nemneverdig hindra.