Husk å still klokka i natt!

Publisert av:
29/3/2014 08:40

Huskeregelen som mange nyttar er slik: Du skal alltid stille klokka mot sommaren. Fram om våren, tilbake om hausten.

Spare strøm
Ideen om sommertid er gamal og vart foreslått av Benjamin Franklin i 1784, men det var fyrst i 1916 at forslaget vart teken i bruk, fyrst av Tyskland og så av Storbritannia. Då var det krig, og tanken var å spare strøm ved å få ein time meir lys om kvelden.

I Norge har me hatt sommertid fleire ganger. Fyrst i 1916, og så under krigen. Frå 1940 til 1942 gjekk klokka etter sommertid også om vinteren. Så var det mange år der ein ikkje skrudde klokka, men frå 1980 har det vore fast rutine.

Nyttig?
Det er langt i frå alle som nyttar sommartid. Illustrasjonen frå Wikipedia syner kva land som brukar denne ordninga.

Mange meiner ulempene med å stille heile samfunnet fram og tilbake to ganger i året kanskje er større enn gevinsten.

I morgon på Tysnesingen.no kan du seie kva du meiner om å stille klokka på vår spørjeundersøking som me legg ut då.