Song- og musikkveld

Publisert av:
12/3/2014 11:54

Denne kvelden er det elevar frå Kongshaug musikkgymnas som kjem på besøk. Også tidlegare har Tysnes bedehus hatt besøk av dette gymnaset på liknande arrangement. 

I tillegg til songen og musikken dei skal gle publikum med, vil dei orientera litt om eit hjelpeprosjekt gymnaset arbeider for i Afrika.

Kvelden inneheld elles fellessong, og Øyvind Skartveit stiller som songsolist. Han er for tida student i Bergen og var nyleg å sjå i fjernsynet i eit studentkor den kvelden Frank Aarebrot hadde 200 minuttar om norsk historie etter 1814.

Som alltid tidlegare på desse ”Song og musikkveldane” blir det servert kveldsmat, og rundt småborda får dei frammøtte samstundes eit godt høve til å drøsa. Kjekt om du tek turen til Tysnes bedehus denne kvelden.

Hans Ole Dalland