Innskytarvalmøte Tysnes Sparebank

Publisert av:
28/2/2014 19:09

Møtet vert halden i banklokala i Våge, torsdag 3.april kl. 16.30. 

Røyste- og valføre er myndige innskytarar, som dei siste 6 månader har hatt og framleis har eit minsteinnskot på kr. 500,00 i sparebanken. Den same retten har og verje for umyndige med liknande innskot. 

Etter vedtektene § 3-2 skal det vere val av 2 forstandarar og 4 vara medlem til banken sitt forstandarskap. Forstandarane skal veljast for 4 år, og vara medlemene for 1 år. 

Liste over medlemer og vara medlemer i forstandarskapet, der det går fram kven som står på val i år, er lagt fram i banken og på banken si heimesida. 

Røysteføre innskytarar kan koma med forslag til kandidatar.

Sjå heile møteinnkallinga her.