Uroleg for politiets framtid

Publisert av:
12/2/2014 07:15

På BT sine nettsider kan ein i dag lesa om reaksjonane til Kjetil Hestad og ordførar i Ullensvang Solfrid Borge, etter at dei var i Bergen og diskuterte politianalysen saman med politikarar, forskarar og politifolk.

Til Bt.no seier han blant anna:

– På den eine sida har du politimesteren som seier folk vil få eit betre tilbod. På den andre sida har du forskarar som advarar sterkt mot at politiet mistar kontakten med publikum. Det er ganske utruleg å høyre kor forskjellig dei oppfattar den same utredninga.

– Det er stor uro i distriktsnoreg over kva slags politi me skal få. Når so mange ordførarar seier at denne modellen vil me ikkje ha, så kan ikkje regjeringa hoppa bukk over dei.

Heile saka kan lesast på BT.no ved å trykkja her.