Publisert av:
30/1/2014 12:19
Dagens oppmuntring
I kulde, snø og vind kan det vera fort gjort å sjå litt dystert på ting. Men det er alltid noko ein kan tenka på som gjer ting litt lettare, som for eksempel kvardagen.
Kvardagen er faktisk vorte heile 1 time, 53 minutt og 13 sekund lengre enn kva den var når sola snudde den 21. desember!
Og som om ikkje det var nok, så er sola her i 8 timar, 1 minutt og 11 sekund i morgon. Heile 4 minutt og 45 sekund lengre enn i dag!