Dobbeldekker

Publisert av:
26/1/2014 09:24

I Aftenposten 23.01 kunne ein lese om bileta av tvillingtoaletta i Sotsji som no går verda rundt…

Gammalt nytt for Tysnesingane. – Dette har me jo hatt på “Mandelen” lenge!

Patrick R. Madsen fortel til Tysnesingen.no at når dei bygde toalettet var planen at det skullle koma båsar. Dei vart og bestilt, Det tok imidlertid lang tid før dei vart levert. I mellomtida hadde dei fått så mange positive kommentarar om kor gøy og overraskande det var med “dobbeldo”, så då vart det rett og slett sånn. Båsane ligg enno på lager, og der kjem dei nok til å ligga…

“I tillegg så var det jo heilt vanlig med fleire “sitjeplasser” på ein utedo, lurer eigentlig kvifor me gjekk vekk frå det når me flytta toalettet inn?” undrar Patrick.