Publisert av:
2/1/2014 07:31
Årets idrettsnamn 2013
I år stilte Tysnes med ein sterk kandidat, i dobbel tyding. 15 år gamle Anna Dorthea Espevik har verkeleg imponert i år med fleire topp plasseringar nasjonalt i styrkeløft.
Ho har på kun vel eit år gått frå å vere eit ukjent namn i sporten til å verta den beste i sin klasse.
I benkpress har Anna Dorthea norsk rekord i klassen 14 – 19 år med 115 kilo. Også i knebøy har ho norsk rekord med 165 kilo.
Sunnhordland skriv at engasjementet rundt kåringa har eksplodert etter at dei opna opp for stemmegjeving på internett. Mangen har verkeleg latt seg imponere av Anna Dorthea sine prestasjonar, og ho enda opp med flest stemmer!
Ho kan no tittelera seg som årets idrettsnamn i Sunnhordland 2013.