HMS og bruk av plantevernmiddel

Publisert av:
18/12/2013 06:01

Treng du Autorisasjonskurs for bruk av plantevernmidler enten for fyrste gong eller fornying.
Eller kanskje du må ha kurs i Praktisk HMS-arbeid for å oppfylla krava til KSL.
Ikkje fortvil, Tysnes Bonde- og Småbrukarlag ynskjer å tilby desse kursa i vinter.

 

Autorisasjonskurs for bruk av plantevernmidler 

Dette kurset kan du ta som dagskurs gjennom Norsk Landbruksrådgivning, les meir her: http://hordaland.lr.no/nyhetsarkiv/2013/20951/

Eller om det ikkje passar å ta kurset på dagtid, prøvar me å få til å ta det som studiering.

Merk dersom du tar beviset for fyrste gong, må du vera med på dag 2 hos Landbruksrådgivninga.Ynskjer du å melda deg på dagskurs er påmelding direkte til Norsk Landbruksrådgivning.

Ynskjer du å ta kurset som studiering, meld deg på til underteikna snarast. Det hastar med å koma igang om me skal bli ferdig til Landbruksrådgivninga arrangerar dag 2 av kurset.

 

Kurs i Praktisk HMS-arbeid

Eit kurs retta mot gardbrukara og andre som jobbar med praktisk landbruk. Praktisk HMS-arbeid kurset tilfredsstiller dei krav myndighetene har satt innan grunnleggjande HMS-opplæring for leiarar (§ 3-5 AML). Kurset gjer ein grundig og grunnleggjande innføring i HMS-arbeidet, og set fokus på at HMS skal være enkelt, praktisk og nyttig for kvar enkelt deltakar.

Kurset dekkjer og kravet KSL set om HMS opplæring.

Les meir om kurset her: http://www.lhms.no/kurs/detalj/praktisk-hms-arbeid#.Uq9smfTuIvk

 

Me tek sikte på å starta opp dette kurset 28. januar 2014.

Ynskjer du å delta, meld deg på til underteikna snarast.

Mvh.
Tysnes Bonde- og Småbrukarlag
v/ Jens Rasmus Tveit

Tlf 90 78 37 31
Mail: jens.rasmus.tveit@haugnett.no