Redusert straumrekning

Publisert av:
17/12/2013 10:21

I desember får medlemane i kraftlaget lågare rekningar. Dette fordi dei som medlem får etterbetaling. Etterbetaling eller kjøpsutbyte er eit samvirkelag sin måte å dela ut noko av overskotet til eigarane. Eigarane av Tysnes Kraftlag SA er alle som har meldt seg inn i selskapet.

Det er årsmøtet i kraftlaget som vedtek om, og kor mykje, medlemane skal få i etterbetaling. Medlemane i kraftlaget har altså lågare pris på kraftkjøp og nettleige enn dei som ikkje er medlem. Etterbetalinga til kvar enkelt medlem vil variera etter kor mykje ein har betalt til kraftlaget i løpet av året.

Årsmøtet i Tysnes Kraftlag SA vedtok i år å løyva 1,65 millionar kroner i etterbetaling til medlemane dette året. 

Sidan vi ikkje veit kor mykje straum medlemane vil komme til å bruke siste månaden i år har vi rekna etterbetalinga for år 2013 frå desember år 2012 til november 2013 slik at det vert eit heilt år med forbruk. 

Eit gjennomsnittsmedlem, med eit forbruk på 20 000 kWh, får desember-rekninga redusert med om lag 1500 kroner.

Alle som er nettkundar i forbrukarsamvirket Tysnes Kraftlag SA har høve til å bli medlem. Medlemskap i Tysnes kraftlag SA kostar 100 kroner. Du vil då vera medlem så lenge du ynskjer det og er knytt til straumnettet til Tysnes kraftlag.

Dersom du ikkje er medlem kan du melde deg inn på www.tysnes-kraftlag.no eller ta kontakt med kraftlaget på firmapost@tysnes-kraftlag.no