Konsert med Los Tres Musicos

Publisert av:
3/12/2013 08:24

Musikarane kjem frå Sør-Amerika, og vi fekk høyra musikk og fengande rytmar frå deira kontinent!

Kvartetten hadde med seg mange ulike instrument, rytmeinstrument, strengeinstrument, fløyte og trekkspel, men det raraste var nok underkjeven av eit esel som dei klarte å få festlege rytmar frå! Vi fekk også sjå og høyra andre ulike rytmeinstrument, både “kassar”, ulike trommer samt ulike typar gitarar som vi ikkje ser her heime.  Musikken dei framførte var latinamerikansk, og den hadde mykje musikk i seg, både tonemessig og rytmisk.  Ei gruppe med jenter frå skulen deltok på den eine songen, og i tillegg var alle elevane med på to andre.  Etter litt øving vart det skikkeleg god lyd i salen!

Det var både artig og interessant å få høyra litt annleis musikk, ein god konsert!

Tekst og foto: Nina Iversen