Handball søndag jenter 14

Publisert av:
4/11/2013 08:37

Det vart ein jamn og spanande kamp! Heile kampen følgde laga kvarandre tett. Begge laga viste gode takter i angrepsspelet, og fleire gule kort vitna også om godt forsvarsspel.

Tysnes leia stort sett heile fyrste omgang, men laga gjekk til pause 11- 11.

I andre omgang tok Tysne leiinga, men Løv Ham utlikna midtvegs i omgangen og var i leiing ei lita stund. Tysnesjentene kjempa godt og då det var to minutt att av kampen stod det 18- 18 på resultattavla!

Tysnes sin keeper hadde ei viktig redning i dei siste speleminutta. Thea Sløgedal snappa ballen då det stod att 30 sekund og Tysnes vann til slutt 20- 19. 

Tekst og foto: Ida Meland