Ny Giv inviterer til haustmøter
15/10/2013 14:23
God vinterfôring av søya ved ulik grovfôrtilgang!
Ny Giv arrangerer møter der vi set fokus på grovfôrsituasjonen og rådgjeving om vinterfôring.
I tidsrommet 14.-21. oktober vert det regionale møter med dette som tema.
Mange har i år hausta mindre grovfôr enn normalt. Det er eit klart mål å auke produksjonen av lammekjøt i Hordaland og då er det særs viktig at vi unngår reduksjon av søyetalet. Ny Giv vil i desse møta gje fagleg påfyll om kva som er god økonomisk fôring ved ulike grovfôrsituasjonar.
Det vert møte mange stader og er planlagd følgjande datoer:
• Knarvik 14. okt, Nordhordlandshallen kl 19.30
• Voss 15. okt, Voss Jordbruksskule kl 19.00
• Kvam 16. okt, kafe Sutalaus i Øystese, kl 19.30
• Sveio 16. okt, Vigdartun, kl 19.30
• Stend 17. okt, Jordbruksskolen i auditoriet, kl 19.00
• Etne 17. okt, Grønstad skule, kl 19.30
• Kinsarvik 21. okt, Hardangertun, kl 19.30-21.30
• Hatlestrand 22. okt, Hatlestrand skule, kl 19.00-21.30
NB! Det vert ikkje møte i Odda, her har vi dessverre ein trykkleif i Bondevennen!
Program:
• Vel møtt ved lokallagsleiar
• Informasjon frå Ny Giv
• Grovfôr og økonomi i vinterfôring av sau v/Landbruksrådgivinga
• Fôring av sau v/Felleskjøpet
Arr: Møta vert arrangert i samarbeid med lokallaga i Hordaland Sau og Geit, Landbruksrådgjevinga og Felleskjøpet.
Tekst: Svanhild Akses, Hordaland Sau og Geit