Ein poet og humorist til Mandelhuset
25/9/2013 11:13
«Flukta frå rekkehuset» – Lodne dikt i verdensklasse
Nei og nei og atter nei. Poeten og humoristen Jon Hjørnevik er nok ein gong ute for å lesa frå dei rare diktsamlingane sine: I ein sofa frå Kora, Den vanskelege andreboka, Shortsen til far min, Mor mi står i glaset og Flukta frå rekkehuset.
Med seg har han dessverre Dagfinn Iversen på gitar, som støttar opp om Hjørneviks hårreisande dikt og grumsete song . Det vert eit brutalt møte den gode husmor, den grufulle husmor, sår erotikk, oppvekst, utvekst, nesten-kjærleik bygde- og rekkehustragediar. Og mykje meir.
Høyr heilt ukjende klassikarar som «Pelsdyrkonsulent på friarfot» og «Fadder i Botswana». Her er mykje å kvi seg til. Også denne gongen går honoraret til å dekka Dagfinn Iversen si ubetalte husleige.
Velkommen til ein slags song, lyriske grynt og ekte heimekos.
Åtvaring:
Showet inneheld dialekt og nynorsk
Sagt om Hjørneviks dikt:
«Jon Hjørnevik er vår tids Rabelais, en breddeholder i norsk litteratur, som aldri trekker mot midten av den offentlige smak.»
Thorvald Steen
«Alle som kan skrive rare og artige dikt om einmannsforetak og blomsterbinding og framføre dei som om livet stod på spel, er mine vennar.
Hjørnevik er Norges mest hårreisande lyrikarhelt.»
Are Kalvø
Biletter i salg på Tysnes Blomster og Interiør.
Pris: 250,-
Showstart kl 21:00.
Tekst: Patrick