Arrangement i Saltebuo
5/9/2013 06:14
Fyrstkomande laurdag kveld (7. sept.) blir det høve til å oppleva éi av Johannes Heggland sine mest kjende romankvinner under arrangementet i Saltebuo i Nedrevåge.
Der inviterer Heggland-komiteen, Tysnes Bondekvinnelag, Kulturarbeidsgruppa og Tysnes kommune til ein interessant kulturell kveld, som er ein del av Kystsogevekene og Kulturminnedagane 2013.
Eminent forteljar
På programmet står ei todelt framføring av Anna Gyria. Den er det Johanne Øvstebø Tvedten frå Stord som står for. Ho er ein ypparleg forteljar som formidlar historieforteljing på aller beste måte. Under Halsnøy kloster sitt 850-årsjubileum sist helg framførte ho ei dramatisert historieforteljing om Magnus Erlingsson.
Elles i programmet kan publikum gle seg til å høyra Marianne Tvedt framføra songar av oldemor si, Cecilie Peternille Vernøy.
Og kvelden vert ”krydra” med servering av beste sort rømmegraut og spekemat, som bondekvinnelaget har ansvaret for.
Mykje å ta vare på i forfattarskapen
Johanne Øvstebø Tvedten seier følgjande om valet av Anna Gyria:
-Valet stod mellom dei fire binda om Anna Gyria, “Brødet frå havet”, som skildrar tida frå ca. 1845-1875, og binda om Karjana, “Guds husfolk”, som skildrar byrjinga av 1900-talet. Eg bestemte meg for dei fyrste bøkene, fordi forteljingane der var meir dramatiske, og livssoga til Anna Gyria var lettare å få fram.
-Å endre fire romanar til ei forteljing med lange, samanhengande “drag” og sin eigen, nyskapte dramaturgi med oppbygging og vendepunkt, har vore ei utfordring. Nokre personar måtte utelatast, fleire hendingar måtte dragast saman til ei, og lange skildringar måtte forkortast. Det viktigaste for meg var å bevare så mykje av Johannes Heggland sitt språk som mogeleg, måtane han fargelegg skildringane sine på, og ikkje minst tankegangen hans. For i dei særmerkte skildringane av Anna Gyria sitt kjensleliv og hennar indre monologar, ser vi tydeleg livssynet og menneskesynet til Johannes Heggland. Der ligg mykje av verdien av forfattarskapen, som eg ynskjer å formidle vidare til menneske i vår tid.
Tekst: Hans Ole Dalland