Stort å møte Beatlessveisens

Publisert av:
26/8/2013 06:34

Tekst/ foto: Nils Vermund Gjerstad

5 . august vart eg invitert til ei spennande utstilling av ein venn i Hamburg. Det er fyste og siste utstilling av Jürgen Vollmer, som tok dei fyrste ikoniske bileta av Beatles. Utstillinga opna med at sjølvaste Paul McCartney, som var invitert men ikkje kunne koma, ga ei personleg video-helsing til Jürgen på storskjerm.

Det var mens dei enno var eit totalt ukjent britisk band som spelte i Hamburg i perioden 1961-62. På den tida hadde Beatles Teddy-sveiser, men John Lennon fatta straks interesse for Vollmers sveis som var ein sjølvlaga sveis med lang lugg. Ikkje lenge etterpå ville både Lennon og McCartney at Jürgen Vollmer skulle klippa dei og. Få år seinare vart sveisen eit av Beatles sine varemerke og kjent som the moptop. “Alle” tenåringar i Den vestlege verden, jamvel fleire i Russland, Japan, Sør-Amerika og andre land. I New York var det jamvel eit firma som tjente seg rike på å selge Beatles-parykkar. 

Historia om korleis Jürgen kom opp med sveisen har han og fortalt meg; det var etter ein kroppsøvingstime på vidaregåande på midten av 50- taket. I all hast kjemma han håret ned i andletet. Han fekk kjeft av læraren sin, og skjønte at dette var ein sveis som provoserte det etablerte samfunnet.

Jürgen Vollmer fortel at han har lidd av sosial angst og han har derfor gjort lite ut av seg sjølv og sine kunstprosjekt. I mange år jobba han som fotograf i Hollywood, men angrar litt i dag på at han ikkje svara anmodninga når folk som Woody Allen kontakta han.

I haust er det og 50 år sidan Beatlemania braut laus, og the Fab Four vart hylla som halvgudar. Tidlegare har eg og vitja og intervjua Klaus Voormann i hans private bustad i Sør-Tyskland. Han budde med The Beatles då det tok av for alvor. Voormann vart og kjend med Beatles i Hamburg og var i tillegg til Jürgen Vollmer og Astrid Kircherr med på å påverke Beatles sin stil. Klaus Voormann spelte seinare i Plastic Ono Band og Ringo tøysa med at han skulle erstatte Paul McCartney på bass, då brotet kom i 1970. Voormann er mest kjend for å ha teikna coveret på den banebrytande Revolver i 1966. Han fortalte historia om det.

At Beatles var så enormt store er vanskelig å fatte i dag. Det er ingen band som har vore i nærleiken av den storleiken.

Ein artig anekdote frå Nigeria i 1973, då Paul McCartney og hans kone Linda spela inn Band on the Run i Laos fortell mykje. Dei vart rana av lokale banditter: “Ikkje drep ham, han er Beatle-Paul!” skreik Linda til dei. Dei lot Paul gå. Beatles gjorde djupt inntrykk, sjølv på bandittar i tjukkaste Afrika.

Noko av det som er genialt med Beatles er at dei har ein låt omtrent for kvar type humør det er mogleg for eit menneska å vera i.

Intervjuet med Vollmer var på trykk i Aftenposten på laurdag. Det skal etterkvart kome på nett.

Sjå Jürgen Vollmer sine foto her:www.juergen-vollmer-fotografien.com