Siste veke med sommarope på biblioteket

Publisert av:
30/7/2013 09:37

Dei som har lånt bøker som ikkje blir levert tilbake innan fredag denne veka, kan venta til biblioteket opnar att i slutten av august, eller leggja bøkene i kassen utanfor døra. Det er også fullt mogleg å levera tilbake på eit anna bibliotek.

Sommaren 2013 har vore den best besøkte sidan me starta opp med sommarope i 2006! Ein masse folk har vore innom dørene, både hyttefolk, fastbuande og andre sommargjestar.

Frå og med neste veke og tre veker frametter er det ferielukking på biblioteket. Første opningsdag til hausten blir tysdag 27. august kl 17.

 

Ha ein fortsatt god sommar!

Tekst: Knut Rage.