Hundedagane

Publisert av:
23/7/2013 14:03

Tida mellom 23. juli og 23. august vert kalla for hundedagane og stammar frå oldtida i Egypt.
Opphavet til namnet skal vera at hundestjerna, Sirius, er synleg på himmelen i denne perioden.

Det er knytt mykje folketru til hundedagane og det var vanleg å spå om vêret. Den fyrste dagen avgjorde mykje, veret ville vere like fint eller stygt i heile perioden som denne dagen.

Men i nokre områder er det også motsett tru, nemleg at det ville verta motsett vêr i heile perioden frå slik det var den fyrste hundedagen..

Med det veret me har på Tysnes i dag lyt me tru mest på den fyrste varianten. Det vil i såfall seie at dei neste fire vekene vært svært så bra!