Ung jente frå Våge fekk møte Europe
13/7/2013 16:15
Joey Tempest og Mic Michaeli møter underteikna og niesa Marie (9) for intervju i Tysneshallen.
Synes de at scenen på Tysnes er litt liten? spør Marie.
– Dette ser bra ut. Ser ut til å vera ein bra festival, seier frontfigur Joey Tempest.
Korleis kom de opp med den flotte songen The Final Countdown? lurer Marie på.
-Det byrja på keyboard. Det var meint som opningslåt til ein Europe-konsert; dramatisk og majestetisk, unikt og annleis. Me likte den med ein gong, den var spesiell og nesten seks minutt lang. Me hadde ikkje venta at den skulle verta slik ein stor hit, forklarar Joey Tempest som står for både tekst og musikk til 1980-tallets kanskje mest gjenkjennelige riff. Låten gjekk til topps i 26 land!
-Eigentleg byrja me å spele den i 1985, men det var vel fyrst i 1986 The Final Countdown kom ut på plate, skyt Mic inn.
Korleis fann de på namnet Europe?
-Det stammer nok frå ein av våre favorittskiver frå 1970-tallet med Deep Purple. Dei ga ut Made in Japan og Made in Europe. Inspirasjonen kom frå sistnemnte.
Min favorittlåt med de er Cherokee. Kva handlar den eigentleg om? Spør Marie.
Kor flaks du har, for Cherokee spelar me i dag. Det blir for deg då, smiler Joey Tempest, og gjer greie for den litt spesielle teksten: -Då me spela inn plata Final Countdown, fekk eg låne ei bok om cherokee – indianarar av produsenten vår. Cherokeeane vart dreve frå sitt land og måtte flykte over Amerika, Trail of Tears var det kalla.
Og Carrie? Kom det frå Stephen Kings bok? spør Nils Vermund.
-Carrie flaug inn i skallen på meg. Det var berre eit namn liksom. Me spela den fyrst berre med tangentar og vokal, seinare la me på trommer.
Bag of Bones er namnet på dykkar siste plate som kom ut i fjor. Det er også tittelen på ein Stephen King-bok. Nokon samanheng der?
-Det er nok tilfeldig, men eg såg at det gjekk ein tv-serie av Stephen King med den tittelen på fjernsynet nylig, men det visste eg ikkje om då eg fann på tittelen.
Korleis er det Bag og Bones i forhold til platene dykkar for 20-30 år sidan?
-På den er tilbake der me byrja, og attende til røtene våre, med inspirasjonar av musikken me høyrte på 1970-talet. Det var band som Deep Purple, Led Zeppelin, Thin Lizzy og UFO, svarar Mic.
Kvifor kallar du deg egentlig for Joey Tempest, når du kjem frå Sverige? undrast Marie.
-Det stammar frå på biblioteket i skulen eg gjekk på. Eg såg ei bok av Shakespeare som heitte The Tempest (på norsk: Stormen). Eg syntes tittelen høyrtes kul ut. Så eg sette saman Joey og Tempest, fortel vokalisten i Europe, som eigentleg heiter Rolf Magnus Joakim Larsson.
Kva er den raraste plassen de har spelt? Spør Nils Vermund
-Me har spelt mange stader, Sør-Amerika er kult. Spesielt Chile og Argentina, og Sørøst-Asia er bra. Bombay var ganske annleis. Scenen var bygga av bambus. Me hadde forestilt oss eit publikum fullt av folk med turban, men det var vanleg middelklasseungdom som kom der og.
Og så lurar eg på om Ian Haugland fra Os? spør Marie.
-Hehe. Ian kjem frå Nord-Norge. På veg til Tysnes såg me ein stad som heter Haugland. Me syntes og det var litt artig, og eg tok bilete av skiltet, fortel Joey Tempest.

