Tysnesing møtte Gandolfini
24/6/2013 06:23
– Han er blant dei mest sympatiske og jordnære skodespelarene eg har intervjua. Då eg møtte han var han iferd med å verta superstjerne i samband med rollen som Tony Soprano i den populære serien om mafiaen i New Jersey.
– Det er trist at Gandolfini gjekk bort i den relativt unge alderen av 51 år. Humoren hans var fin og han spøka med at han var so lett på foten at han kunne spelt Peter Pan!
– Eg trur at grunnen til at han hadde so avslappa forhold til kjendis-statusen kan tilskrivast det faktum at han fekk sitt gjennombrot som stjerne medan han var godt vaksen.
– Dei som får sitt gjennombrot i tenåra har eit heilt anna forhold til det. Gandolfini var ein røslig bamse og artig nok fann me ut at me hadde til felles at me har jobba med å felle trer i skogen. Kven skulle tru det om ein celebritet som han?