Tysnes Sparebank Cup 2013
19/5/2013 17:47
Cupen er for alle over 16 år som har lyst å spela fotball.
Njardar/Tysnes ynskjer på denne måten å aktivisera både fastbuande og ferierande til ei ”uhøgtidleg” og sosial fotballhelg, utan for mykje alvor!
Klasseinndelingar vert som tidlegare år, men det er gjort ei endring i forhold til aktive i
klasse 1. Med aktive i klasse 1 meiner me spelarar som har spelt seriekampar f.o.m. 5.divisjon og høgare i sesongen 2013.
Med aktive spelarar i dei andre klassane meiner me spelarar som har spelt seriekampar 2013, dvs.alt frå gute-/jente-/juniorspelarar som har spelt aldersbestemt fotball t.o.m herrer/damer senior som har spelt seriekampar i 2013.
Spelarar f.o.m 40 år og oppover vert ikkje rekna som aktive i klasse 1-4.
Innleiande rundar vert spelt fredag kveld og laurdag. Sluttspel vert søndag ettermiddag.
Det vert i utgangspunktet 4 lag i puljene og spelt serie i innleiande rundar, dvs. min. 3 kampar på kvart lag. Dei beste laga i kvar klasse går vidare til sluttspelet. Sluttspelet vert arrangert som cup. Ved uavgjort resultat i sluttspelet vert kampane avgjort med straffekonkurranse. Speletid 2 x 13 minutt pr. kamp.
Alle lag må pårekna at min. 1 kamp vert spelt på kunstgras.
Spelereglar etter NFF’s reglar for 7-ar fotball.