Publisert av:
18/5/2013 14:09
Svingen Møbler 60 år
I formiddag var det stappfullt både ute og inne på Svingen Møblar.
I høve 60 års jubileet var det feiring med gratis pølse, brus og kaffi og trekking av flotte premiar til dei frammøtte.
Spenninga var stor då Kathrine Aamoth og Arvid Gaugastad starta trekninga.
Marit Kalgraf vart den lukkelege eigaren av ei flott hagegruppe.
Då senga vart trekt, var det Eirik Sjøbø sitt namn som vart ropt opp.
Etterpå fekk både han og ungane prøve den nye senga.
I tillegg vart det trekt 4 personar som fekk seg kvar si dyne, og ein person fekk eit sengesett.