Marion Ravn
14/5/2013 10:48
Å feira 20-års jubileum som plateartist før ein har fylt 30 er ikkje alle forunnt, men for Marion Ravn er dette faktisk realiteten. Jenta frå Lørenskog har opphalde størstedelen av livet i rampelyset; fyrst som barnestjerne her heime, så erobra ho verda som den eine halvdelen av M2M, før ho viste ei ny og mørkare side ved seg sjølv med solodebuten «Here I Am» i 2005.
I 2012 slapp ho singelen «Colors Turn To Grey». Innimellom eigne utgivnader har Marion rukke å arbeida og turnera med store namn som Pink, Meatloaf og Kurt Nilsen, samt vore dommar i TV-suksessar som Idol og ein av sju artistar i ”Hver gang vi møtes”
I vår slapp Marion sin nye fullengder ”Songs From A Blackbird” Denne gong utan noko stort plateselskap i ryggen, men på eiga hand.
Med ”Songs From A Blackbird” startar eit nytt kapittel i Marion Ravens allereie innhaldsrike karriere. Ein av Norges mest erfarne, unge artistar skal endeleg få vise kven ho eigentleg er.