Tysnes Sau og Geit
5/5/2013 20:02
Tysnes sau og geit vil og informera medlemmene sine om at avtalen om rabatt på diverse varer frå apotek 1, er i boks . Den verkar slik at når dyrlegen sender resepten til apoteket , har dei medlemsliste slik at rabatten vert fiksa automatisk. Dersom du er på apoteket, må du sei du er medlem i laget og du får rabatten.
Me vil ellers ynskja dei nye medlemmene velkommen, og de er alle på rabattlista. Dersom fleire vil melda seg inn i laget er det berre å kontakta nokon i styret, eller melda seg inn sjølv. Det viktigaste er at du kjem på lista.
Tysnes sau og geit har meir på gong. 23. mai, ettermiddag og eller kveld vert neste møte: Ny giv i sauefjøset, du vert vel med ? meir info kjem.
Me har og planlagt klippekurs. Dette vert truleg tidleg i haust , så dei som er interessert kan gje melding til styret om det , så ser me korleis det vert.
Mvh. Styret.