Marit og Irene til Tysnes
2/5/2013 06:50
Dei er godt kjende over heile landet og i mange ulike samanhengar og me gler oss no veldig til at dei skal koma attende hit til Tysnes. Det er Tysnes støtteforening for Indremisjonen som står som arrangør for møta.
Marit og Irene har reist saman som songevangelistar i mange år. Men faktisk var det på Tysnes det heile starta. Det var i eit møtetelt og under ein møteaksjon på skuleplassen på Gjerstad at dei verkeleg fann tonen saman. Seinare har dei farta over heile landet med Bibelen og eit par gitarar, til stor velsignelse for mange. Dei seier sjølve at dei heile tida har hatt eit kall både frå Gud og menneske om å spreia evangeliet. Så lenge folk ber for dei ynskjer dei å halda fram. No har det vorte mange år saman i kyrkjer, bedehus og andre forsamlingshus. Dei har gjennom alle desse åra fått bety mykje for mange menneske, og fått vera til stor åndeleg hjelp. Marit reiser fortsatt full tid i Indremisjonsforbundet, Irene reiser 50% og har no også halv stilling i P7- Kristen riksradio.
Sangen og musikken har alltid fylgt Marit og Irene og deira møteseriar. Eit enkelt budskap men som verkeleg tek tak i menneske og i dag. Mange av sangane er frå deira eiga livserfaring og når inn til kvardagsmenneke. Dei har etter kvart gitt ut mange CD-ar og produserer stadig nytt. Med sangen og musikken sprer dei velsignelsen ut.
Møteserien på Tysnes denne gongen vert i Tysnes kyrkje med møte kvar kveld, onsdag til søndag. Laurdagen vert det stor sang- og musikkveld der også Sveinung Andersen deltek saman med Marit og Irene. Sveinung Andersen m.fl er med på siste CD-en av Marit og Irene. Han har røter frå Tysnes men er oppvaksen i Lyngdal. Han er ein flott sangar og musikar, med eiga solokarriere i tillegg til å vera musikalsk ledar og tenor i gruppa SUM (Seriøse Unge Menn).
Her er mykje å sjå fram til!
Velkommen til alle møta!