Vårtur på sykkelsetet
29/4/2013 19:33
Turen starta på Gjermundshamn laurdag morgon der vi lasta opp syklane på tilhengjar og vart frakta med minibuss ca. 2 timars tur til Gjøvåg, nordvest på Reksteren. Her starta vi syklinga i nydeleg vårver.
Vegane på Reksteren er kanskje ikkje tilpassa dagens biltrafikk, men til gjengjeld er dei perfekte for sykkelbruk! Vi var innom den gamle kyrkjegarden på Hope og kystfortet frå krigens dagar på Flygansvær. Og sjølvsagt måtte vi handla litt på lokalbutikken på Bruntveit. Turen gjekk vidare over Bårdsund og Uggdalseidet til Våge og vidare ut til Godøysund. Gode kontaktar i Tysnes Kraftlag hadde ordna med båt slik at vi kom oss ut til Solstråleøya der vi overnatta. Her fekk vi svært hyggjeleg møte med Jan Belt som fortalte om Tysnes og tysnesingen. Stor takk til dei som legg ned mykje arbeid for å ta vare på denne perla av ei øy!
Sundag gjekk turen vidare forbi Lundegrend, Malkenes og over Lukksundsbrua. Veret hadde endra seg, så vind og regn gjorde sitt til at søndagsturen vart ein frisk oppleving. Men kva gjer vel det når Fredrikke og Vidar Rune Synnevåg sto klare til å ta imot oss med herleg lunsj i varm stove i Stussvik! Siste sykkel-etappe gjekk ganske lett med frisk sønnavind i ryggen frå Ølve til Gjermunds-hamn.
Vi ser tilbake på eit fint møte med vakker Sunnhordlandsnatur og svært hyggjelege folk på Tysnes og Reksteren og Ølve. Vi kjem gjerne att!
Kvinnherad turlag, Svein Bergseth, turleiar
