Tysnesfest

Publisert av:
17/4/2013 17:36

 

FARTØYBESØK!
Tysnefest har i år fokus på Rutebåtar og dampfartøy som gjekk i distriktet i tidlegare dagar. Følgande fartøy blir å sjå under Tysnesfest 2013:
DS Stord, MS Granvin, DS Oster, MS Midthordland og MS Skånevik. MS Skånevik kjem til å ha ei bilutstilling frå Bergen veteranbilklubb om bord som speglar tida frå fartøyet gjekk i rute for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipselskap – HSD. Fartøya kjem sjølvsagt til å tilby cruise og turar i aust og vest!

SKIPSFLØYTE KONSERT!
Ole Hamre kjem til Tysnesfest for å «styra» oss gjennom ein skipsfløyte konsert.
Ole Hamre har utvikla eit kommunikasjonssystem som gjer det mogeleg å spela på kva som helst, kor som helst –  i sanntid! Dette systemet gjorde det mogeleg for Hamre å spela på horna til 22 dampbåtar på Bergen hamn under Nordsteam-festivalen i august 2005. Detta prosjektet tar han no med seg til Tysnesfest, og me gleda oss stort til å sjå denne spektakulære konserten under marknadsdagen!
Sjå klypp frå Nordsteam her

BÅRD KOLLTVEIT!
Bård kjem til Tysnesfest for å halda føredrag, og er gjest under «God Morgon Tysnesfest».
Bård Kolltveit er fødd i Odda i 1942. Sjølv kallar han seg ein språkleg kameleon, men det er i denne samanhengen lite å akte på.
Etter artium i Odda, cand philol.eksamen ved Universitetet i Bergen og eit halvt år som lektor på Askøy, har han verka heile sitt yrkesaktive liv på Norsk Sjøfarstmuseum.
Frå 1970 som konservator, som direktør frå 1985 – 2001. Dei siste 4 åra som forskningsleiar.
Bård Kolltveit vaks opp i eit pulserande sentrumsmiljø og kom tidleg i kontakt med skriving, båtar og sjøfart i ei tid då Oddasamfunnet var sjølvforsynt. Dette galdt både industrien og bysamfunnet.
HSD var også i sine glansdagar, og kapteinen på ein ny HSD-båt stod såleis ikkje langt etter kongen i rang.
Bård er som museumsfolk flest – ein skrivande mann, og har publisert 14 boktitlar i sin karriere så langt. I tillegg til å føra pennen, fører han også blyanten og er ein eminent teiknar – då særleg av båtar. Der andre kunstnarar dveler vel linjeføringa i menneskekroppen, hus eller landskapet – dveler han ved linjene i båtane.

ØYVIND SANDBERG!
Øyvind kjem til Tysnesfest for å halda føredrag og snurra film for oss!
Øyvind Sandberg  har dei siste 30 åra laga ei rekkje dokumentarportrett av menneske som driv eit yrke som er på veg ut av historia. Det er dei siste bøndene på brattlendt bruk i Sognefjorden, det er laksefiskarar, østersoppdrettarar , linefiskarar, båtbyggjarar, selfangarar og altmoglegmenn på de yttarste, nakne skjær. I 2012 lagde han ”Folk ved fjorden” – ein times dokumentarfilm frå Hordaland der vi gjennom eit år følgjer ein bonde og ei dame som lagar tradisjonsmat, blant anna ei geitepølse som utvilsamt er verdas beste. Vi blir med på kalving, slakting, kuslepp, møkaspreiing, produksjon av geitepølse og mykje, mykje meir!