Billettinformasjon
27/2/2013 17:37
Prisar Førehand: I døra:
Kveldar Gjerstad arena: 620 Kr 690 Kr
Festivalpass: 1550 Kr
Ved kjøp av billett på Billettservice kjem avgift i tillegg. Det blir ikkje lagt til noko avgift dersom du handlar lokalt. Som gode bygdefolk er me tilhenger av lokal handel.
For å gjera Tysnesfest til ein meir familievenleg festival, vert det i år gratis inngang for alle til og med fylte 10 år på alle arrangement på Gjerstad Arena.
Alder lyt legitimerast. Denne billetten lyt ein henta ut lokalt i forkant av arrangementet. Billetten er kun gyldig i følgje med føresette over 18 år. (Alle kveldsarrangement har open aldersgrense, men er du under 18 år, må du gå i følgje med føresette.)
Festivalpass gjer inngang til alle arrangement merka med *(stjerne). Det ligg kun 1000 pass for sal.
Det vil bli laga til eit eige familieområde inne på Gjerstad som barn og unge kan trekka inn på, dersom dei ynskjer det.
Det vert lokal sal av billettar frå 1. juni 2013 på festivalkontoret i Våge.
Fullstendig program, billettsal og prisoversikt vert lagt ut i løp av april 2013. Då vil og resten av billettane vera i sal hos Billettservice.no