Har du ein bil som skal skrapast?

Publisert av:
27/2/2013 07:51

Rekningane for årets årsavgift er no komen i posten, men dersom du vrakar bilen din før 20. mars, så slepp du unna heile avgifta. Vrakpanten steig også frå årsskiftet, og er no oppe i 2500 kr.  

Bilane som vert vraka i Norge vert stadig eldre, ifølge NAF. Gjennomsnittsalderen på bensinbilar er godt og vel elleve år, snittalderen på ein bil som vert vraka er på over 20 år.

Vrakfristar for kjøretøy som er registrert per 1. januar 2013

Ved vraking innan 31. desember vil det ikkje bli skrevet ut avgift for det etterfølgande året.

Ved vraking innan 20. mars skal du ikkje betale årsavgift. Du kan sjå vekk frå eit eventuelt krav. Tollvesenet vil refundera avgifta dersom den allereie er betalt.

Ved vraking frå 21. mars til og med 30. juni skal du betale halv årsavgift. Beløpet vert tilbakebetalt til sist registrerte eigar.

Ved vraking etter 30. juni må ein betala full avgift.